Kva er refleksive verb?

Eg skulle gjerne hatt ei forklaring på kva refleksive verb er. Er finnast (det finst) og synast (eg synest) døme på refleksive verb?

Svar

Det er tydinga som avgjer om eit verb er refleksivt, og desse to verba kan nok ikkje kallast refleksive.

Noko refleksivt er noko som blir bøygt tilbake mot utgangspunktet. Eit refleksivt verb eller pronomen viser tilbake til den som handlar. Døme:

Eg slo ballen (ikkje refleksivt)
Eg slo meg (refleksivt)
Eg skamma meg (refleksivt)
Eg skjemdest (refleksivt)

Meg er den same som eg. Meg viser altså tilbake til subjektet eg. Endinga -st i skjemdest har same funksjon. Denne endinga skriv seg frå det refleksive sik = ‘seg’ i gammalnorsk. Fleire døme:

å undra seg = å undrast
å samla seg = å samlast

Her har vi refleksiv tyding i alle dei fire døma.

Eit refleksivt verb er i Nynorskordboka forklart som eit verb «med eit refleksivt pronomen el. eit personleg pronomen med refleksiv funksjon som objektsform, til dømes i uttrykka ‘ho gifte seg’, ‘dei skunda seg’, ‘vi samlar oss’, ‘du undrar deg’». 

Ellers er termen refleksivt verb ikkje så mykje nytta. Verb på -st kallar vi gjerne st-verb (bokmål: s-verb). Undrast og samlast kan òg kallast refleksiv form av undra og samla.

Ikkje alle verb på -st har refleksiv tyding, trass opphavet i gammalnorsk sik. Til dømes har det svært vanlege verbet møtast resiprok tyding (det tyder ‘møta kvarandre’). Nokre slike verb har til og med passiv tyding (seiast ‘bli sagd’ og kjennast ‘bli kjend’). 

Når vi ikkje straks ser noko refleksivt, resiprokt eller passivt ved eit st-verb i notidsspråket, kan vi kalle det eit aktivt st-verb. Finnast og synast er døme på slike verb, sjølv om ein kanskje kan ana noko refleksivt i dei (jf. nærskylde uttrykk som befinne seg og det synest for meg).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.09.2023 | Oppdatert:27.04.2024