Utanlandske stadnamn på norsk

På Språkrådets liste over geografiske namn har ein del namn valfrie skrivemåtar (til dømes Sør-Carolina eller South Carolina, Lago di Garda eller Gardasjøen, Lake Superior eller Øvresjøen). I andre tilfelle er det ikkje valfridom – såleis står det berre West Virginia, ikkje Vest-Virginia, sjølv om dette er ein delstat i USA på lik linje med Sør-Carolina. Kva er bakgrunnen for dette? Har det vore ei endring over tid mot mindre fornorsking av stadnamn?

Svar

Somme utanlandske stadnamn har fornorska skrivemåte, andre ikkje.

Når vi skal gje att utanlandske stadnamn på norsk, kan vi i prinsippet anten velje å fornorske skrivemåten eller å halde på den utanlandske. Det er nok rett at tendensen til fornorsking var sterkare før. Det gjeld særleg geografiske namn på engelsk; det er vel knapt noko engelskspråkleg namn som har fått fornorska skrivemåten dei siste tiåra. Likevel er det jamt over slik at dei namna som alt er fornorska, held seg godt.

Når vi ser på nordamerikanske stadnamn, kan det verke inkonsekvent at somme har fått fornorska namn, medan andre ikkje har det. Men dette skiljet skriv seg ikkje frå lista over geografiske namn på nettsidene våre; det er heller slik at denne lista viser dei norske namneformene som finst.

Vi går gjennom geografilista av og til, men har ikkje som mål å ta ut norske former. Dei norske formene som står der, må ein sjølvsagt gjerne bruke.

Sjå elles denne artikkelen av Svein Lie med ein grundig gjennomgang av prinsipp og praksis for attgjeving av utanlandske namn på norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:23.04.2024