Å lage verb av substantiv?

Vi har tallause substantiv som vert omgjorde til verb: ein fest – å feste (delta i festleg lag), ein bil – å bile, eit tak – å take (at bilen tippar rundt og hamnar på taket). Kva meiner Språkrådet om slike nyord?

Svar

Språkrådet har ingen innvendingar mot denne måten å lage nyord på, så sant det nye ordet verkeleg trengst, og det ikkje verkar forvirrande eller kjem i staden for eit anna godt ord eller uttrykk.

Nokre ord, som å take i den nye tydinga, kan ein rett nok ikkje vente at folk forstår utan vidare.

Vi har alltid laga verb med denominative avleiingar, som det heiter. Fenomenet er eldre i språket vårt enn namnet norsk er. Særleg mange av verba som vert bøygde med -a i fortid (-a eller -et i bokmål), kjem av substantiv. Sjå utklipp frå Olav Beito Nynorsk grammatikk (1986):

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:19.04.2024