Datoar

Korleis skal datoar med siffer skrivast på norsk? Kan ein forresten sløyfe punktum i f.eks. «8. februar» eller i «perioden 8.–12. februar»?

Svar

Rekkjefølgja er dag–månad(–år). Ein kan skrive anten 8.2.2015 eller 08.02.2015 (med eller utan årstalet).

Punktuma kan ikkje sløyfast i noko tilfelle (i nokre år var det valfritt), og det skal vere mellomrom etter punktum, altså  heiter det til dømes 8. februar, som du skriv. Periodar skriv vi òg slik du gjer det: 8.–12. februar, med tankestrek, ikkje bindestrek (merk: ikkje mellomrom før tankestreken).

Hugs òg det siste punktumet i til dømes 8.2. (8. februar), elles står det åttande i to, ikkje åttande i andre. 

Hundreåret kan sløyfast når det ikkje er fare for mistyding, altså t.d. 8.2.15. Men null kan ikkje sløyfast i årstalet, så ein lyt skrive 8.2.05 når ein viser til året 2005.

I vanleg tekst brukar ein helst ikkje null føre dag og månad. Ein bruker gjerne òg den naturlege formuleringa 8. februar 2015 i staden for 8.2.2015.

Det skal ikkje nyttast bindestrek, skråstrek eller romartal ved datering. Ein kan t.d. ikkje skrive 8/2–15 om det skal vera innanfor rettskrivinga.

Spesielle samanhengar

I tabellar kan ein nytte sekssifra oppstillingar: 040895, 140266, 010215.

Standard Norge har slutta seg til den internasjonale standarden med den omvende rekkjefølgja av den tradisjonelle norske, dvs. at dei skriv t.d. 2000-12-24 for 24.12.2000. Språkrådet har bestemt at dette formatet kan brukast i tekniske samanhengar (ved utveksling av data, i kronologiske lister o.a.). Elles bør ein halde seg til den vanlege rekkjefølgja.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.02.2024