Klinten

Kva er denne klinten som ein skil frå kveiten?

Svar

Klinte er eit ugras i nellikfamilien med giftige frø.

Nemninga har vore nytta i omsetjing av Matt 13,24–30, der det står om ein fiende som sår ugras i kveiten til ein mann.

Men kva er dette bibelske ugraset?

I dei nyare norske bibelomsetjingane har det stått ugras eller ugress, bortsett frå i 1938-bibelen på nynorsk, som hadde svimling (Lolium temulentum). Det var ei god omsetjing, og mange meiner dette er mest korrekt, jf. denne engelske Wikipedia-artikkelen. Svimling er òg giftig, som namnet tyder på, og liknar i eit stadium mykje på kveite.

Men korkje nynorskomsetjinga med svimling eller bokmålsversjonen av uttrykket har det velklingande bokstavrimet vi finn i klinte og kveite.

Vri på klinten

Somme har falle for freistinga til å pynta på uttrykket, jamvel om meininga blir snudd på hovudet, såleis VG 20.1.1992:

Meningsmålinger viser at velgerne, iallfall hittil, har skilt Clinton fra hveten blant de demokratiske kandidatene. Clinton får 23 prosents oppslutning, og slår klart sine hardeste konkurrenter (20.1.1992)

For sjølv om klinte no er freda, er det å skilja klinte frå kveite unekteleg å skilja verdlaust frå verdfullt, i den rekkjefølgja.

Anna relevant og verdlaust rask

Hjå Matteus handlar det om å brenna klinten etter skurden. Meir relevante sorteringsprosessar i norsk landbrukssoge er på den eine sida luking og på den andre sida tresking og drøfting. Det siste er når agner og snerper blir skilde frå kornet. Dette er òg bibelsk: Minst seks stader jamfører Bibelen folk med agner som fyk for vinden, verdlause.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024