Canyon og canyoning

Eg har ofte sett canyon brukt i samband med Altaelva. Ein canyon er vel berre eit gjel eller eit juv på norsk? Men finst det noko norsk ord for canyoning?

Svar

Ja, det enkle svaret på dei to spørsmåla er juv og juving.

Ordet canyon (av spansk cañon ‘røyr’) blir brukt om gjel og dalar med bratte sider som er utgravne av vatn, jamfør Grand Canyon i Arizona. 

Sjølv om gjel ofte er mindre eller trongare enn canyons, er det ingenting i vegen for å bruke (elve)gjel om det relevante partiet av Altaelva (sjå Sautso i Store norske leksikon), eller å kalle det Altajuvet, slik somme før har gjort (søk i NOU 1978: 18A). 

For canyoning har juving slått gjennom, medan juvvandring delvis blir nytta om ein mindre krevjande variant.  

Vi kan elles nemne at Norsk Romsenter har spurt om ikkje byjuv er ei god nemning for fenomenet urban canyon, og Språkrådet har svara jo. Det heiter òg street canyon, så gatejuv (og gategjel) kan òg vere kandidatar.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.08.2018 | Oppdatert:19.04.2024