Nynorsk talemålsnorm

Norsk språkråd hadde møte 11.10.85 i Asker. Eit av emna som vart drøfta, var «Overdialektale talemålsnormer». Andreas Bjørkum, Bjarne Fidjestøl, Einar Lundeby og Geirr Wiggen innleidde til diskusjon. Vi gjev her att innleiinga til Bjarne Fidjestøl om nynorsk talemålsnorm.

Når spørsmålet om talemålsnormering lett vekkjer sterke kjensler, kjem det vel mest av at folk helst tenkjer på presset til å normere. Men dette presset er ulikt fordelt i dei to målformer; å finne eit normaliseringspress i retning av nynorsknormal som på rimeleg vis kan kallast utidig, er sikkert ikkje så lett. Derfor er det greiast å føre diskusjonen om talemålsnormering for dei to målformene kvar for seg.

Det første vi må gjere oss klart om vi vil arbeide med talemålsnormering, er føremålet med normeringsarbeidet. Innhaldet i normeringa må rette seg etter føremålet med ho. Dette skal eg illustrere med å halde fram tre ulike argumentasjonstypar, som vil gje like mange normeringsstrategiar.

Det første er forståingsargumentet. Det trengst inga vitskapleg undersøking for å hevde at eit normalisert talemål under elles like vilkår er lettare å skjøne enn eit unormalisert. Sjølvsagt er det også andre faktorar, t.d. stemmebruk og taletempo, som kan vere like viktige. Ein kan lett tenkje seg situasjonar der folk legg godviljen til slik at kvar mann kan syngje med sitt nebb, og bli forstått. Men ofte kjem ein i samtalesituasjonar der forståinga er vanskeleg; det er støy i kanalen, som det heiter, anten det no er tale om vond vilje rett og slett, eller det er tale om aktverdige årsaker. Også kanalstøy i eigenleg forstand kan kome inn ved kringkasta tale. Då kan ei normalisering vere til hjelp. Det same kan gjelde om vi vender oss til ei forsamling med ufullkomen kjennskap til norsk, t.d. i nordisk samanheng. Då kan normalmål vere tenlegare for ein dialekttalar enn engelsk.

Men kva slags normalisering fører dette argumentet til? For forståinga krevst det berre at ein lukar bort særdrag som er vanskelege å skjøne, dvs. at norma kan formulerast negativt – ikkje: tal så og så! men: unngå det og det!

Forståingsargumentet er truleg det som er lettast å semjast om, men det står ikkje åleine. Eit oppdyrka normaltalemål gjev språket status. Ein fullfløygd språkbrukar vil liksom ein organist ønskje å ha fleire register på instrumentet sitt. Han vil på den eine sida ha eit talemål som ter fram det personlege og lokale, men på den andre sida vil han ha eit register som reinsar desse draga bort, i situasjonar der ein vil unngå at merksemda festar seg ved den som talar – "dagsnytt-norma", kort sagt.

Statusargumentet gjev ein annan normeringsstrategi enn forståingsargumentet, og går nok lenger i kravet til normalisering.

Det tredje argumentet er i slekt med statusargumentet, men gjeld nynorsken meir særskilt i den utsette situasjonen han står andsynes bokmålet. Anten ein likar det eller ikkje, er mange menneske utsette for eit normaliseringspress, og dei som gjev etter for det, vel som oftast å normalisere i retning av bokmål, endå om resultatet ofte er mangelfullt. Ein av grunnane er at det tykkjest lettare reint praktisk, fordi bokmålsnormalen rett og slett er best kjend. Bokmålet har her ein konkurransefordel, som eg meiner nynorsken burde streve etter å ta att. Dersom nynorsk normaltalemål fekk høgare status og vart betre kjent, ville ikkje påverknaden frå bokmål gjere naturlege nynorskbrukarar så usikre.

Men korleis må den normalen sjå ut, som er eigna til å få høg status i nynorsksamfunnet? Han må ha eit organisk forhold til dialektane, og følgjeleg ha stor slingringsmonn. Eit normaltalemål må ha skriftspråket som sitt utgangspunkt, det er greitt nok. Men i dette høvet har vi med ein skriftnormal å gjere som er ein samnemnar for folkemåla – det er nynorskens styrke og veregrunn. Det må høyrast i normaltalemålet òg. Former som er utbreidde i dialektane i nynorskens kjerneområde må ha rom i norma, endå om dei ikkje syner i skrift.

Eit viktig praktisk poeng er det at valet nok ikkje står mellom normering eller ikkje, men mellom privat eller offisiell normering. Og den offisielle normeringa er rommelegare og meir tolerant enn den private, det gjeld truleg nokså allment. I alle høve er eg overtydd om at dersom Språkrådet utarbeider ein talemålsnormal for nynorsk med eit mannskap som liknar på det vi har no, vil vi nærme oss ei målsetjing som i utgangspunktet tykkjest motstridande: 1) Styrkje statusen til nynorsk normaltalemål som ei overdialektal norm, og 2) lyfte visse folkemålsformer med å gje dei rom innom norma.

(Språknytt 4/1985)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.10.2004 | Oppdatert:17.12.2015