Tittel med liten forbokstav

Stemmer det at stillingstitlar og yrkestitlar alltid skal skrivast med liten forbokstav?

Svar

Ja, på norsk skal slike titlar ha liten forbokstav.

Såleis heiter det ikkje berre «direktør Hanna Olsen», «professor Bjerke», «cand.scient. Halvorsen», «pastor Johnsrud» osv., men òg «kong Harald» og «stortingspresident Andersen».

Denne regelen gjeld dessutan når tittelen står under namnet på visittkort, ved brevunderskrifter og liknande, til dømes slik:

Hanna Olsen
direktør

(Regelen om stor forbokstav i nytt avsnitt slår ikkje inn her, for det er tale om eit framhald, ei tilleggsopplysning.)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:16.04.2024