Eg lev ikkje, eg lever

Mange skriv lev i presens på nynorsk. Kan det verkeleg vere rett?

Svar

Nei, det heiter eg lever, du lever, dei lever og så vidare.

Særskilt interesserte kan lese meir om bakgrunnen nedanfor.

Sterke og svake verb

Lever er presensforma til eit svakt verb. Svake verb har to stavingar i både presens og preteritum:

å leve – ²leverlevde 

Dette stemmer med dei fleste dialektane rundt i landet. Merk at lever i nynorsk tradisjonelt blir uttalt med tonem 2 (tostavingstonelag), altså som ²bønner, ikkje som ¹bønder. (Tonema er markerte med heva tal.) Tonelaget i lever er altså det same som i infinitiv å ²leve.

Sterke verb har på nynorsk éi staving både i presens og preteritum:

å lese – leslas
å ete – etåt 

Bokmål har ingen skilnad i presens i skrift. Presens har to stavingar anten verbet er svakt eller sterkt:

å lever – ¹lever – levde
å lese – ¹leser – leste
å lete – ¹eter – åt

Men merk at bokmål likevel har einstavingstonelag (tonem 1) i alle presensformene ovanfor. I historisk sett heilt svake verb, som å gjete, har presens derimot tonem 2 (lesse – ²lesser – lesstegjete – ²gjeter – gjette).
 
På bokmål kan ein altså ikkje sjå på ei presensform om verbet er sterkt eller svakt, men ein kan til ein viss grad høyre det. Tonem 1, einstavingstonelag, er vanlegast i sterke verb. (Grunnen er at desse verba ein gong i tida har hatt éi staving i presens.) Men dersom ein alltid omset presensformer som har tonem 1 på bokmål, til einstavingsformer på nynorsk, blir det av og til gale.
 
Talt bokmål har nemleg «sterkverbstonelaget» tonem 1 i presens av mange svake verb; til dømes er det mange som seier ¹maler i presens både om det kattar og kvernar gjer (å male – mel – mol på nynorsk, sterkt verb), og om det handverkarar og kunstmålarar gjer (å måle – ²målar – måla på nynorsk, svakt verb). Å skrive eg lev er altså som å skrive eg mål.
 
Hadde ein på bokmål uttalt jeg lever som andre svake verb (som jeg ²hever og jeg ²bever), ville vi ikkje så ofte sett eg lev på nynorsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.07.2022 | Oppdatert:10.08.2022