Treenighet på nynorsk

Eg leitar etter det rette nynorskordet for det som på bokmål heiter anten treenighet eller trefoldighet. Kan de hjelpa?

Svar

Treeining er det ordet som er brukt på nynorsk.

I Nynorskordboka er treeining forklart som ‘kristen førestelling om at Gud er éin i grunnhått, men med tre openberringsformer: Faderen, Sonen og Heilaganden’.

Dette er ikkje ord frå Bibelen, men frå teologien.

Før heitte det òg trieining.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024