Skiljeteikn ved fleire datoar etter kvarandre
Korleis er det med punktum og komma i ei oppramsing av fleire datoar? Er det rett å skrive slik: «5., 6., 8. og 9. september»? Enn «5.10., 16.11. og 19.12.»?
Svar
Ja, alle teikna skal med i ei slik oppramsing. Punktuma blir altså ståande når ein set inn komma mellom tala.
Når talteikn (siffer) skal lesast som ordenstal (her: /(den) femte/ og så bortetter), skal det alltid stå punktum etter. Datoar er ikkje noko unnatak. Difor er det rett å skrive slik du har gjort det.
Legg elles merke til at det ikkje skal stå noko komma føre «og» til slutt i oppramsinga. Du har altså skrive det rett.