Bosnia-Hercegovina

Kvifor gjev ordbøker og ordlister att namnet Bosnia-Hercegovina på denne måten (med bindestrek) og ikkje som Bosnia og Hercegovina?

Eg har fått vite at det før krigen i landet var krangel om nett dette. Det var eit krav at det skulle stå og (på bosnisk og kroatisk i) mellom Bosnia og Hercegovina, sidan dei utgjer to ulike delar av landet. Framleis finst det folk som blir sinte når dei ser namnet med bindestrek.

Svar

Det er vedteke at den offisielle skrivemåten på norsk er Bosnia-Hercegovina, altså med bindestrek. Slik er det i dansk og svensk òg.

Det er vi i Noreg som avgjer korleis namn skal skrivast på norsk. Dette gjeld òg namnet på andre land og på stader i utlandet.

På norsk har bindestreken i samansetningar som dette same funksjonen som og. Han bind saman to jamstilte ledd. Slik gjer vi det i ord som marxist-leninist (‘marxist og leninist’) og i ein del namn, til dømes Aurskog-Høland, Austerrike-Ungarn, Sistan-Balutsjistan og Bosnia-Hercegovina.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:22.04.2024