Tøffelhelt

Eg lurer beint fram på kvar ordet tøffelhelt kjem frå.

Svar

Vi har det nok frå dansk, men uttrykket er kjent i mange språk.

Her vil vi fyrst sitere det Bokmålsordboka gjev opp under tøffel og tøffelhelt:

tøffel … (fra lavtysk, forkorting av pantuffel) bekvemt, mykt fottøy til innebruk
han er under tøffelen han blir tyrannisert av sin kone (tøfler ble før oppfattet som et symbol på kvinnekjønnet, mens støvler kunne symbolisere menn)

tøffelhelt mann som blir dominert av sin kone, underkuet ektemann, jf tøffel

Etymologen Hjalmar Falk skriver:

Mannen og kona skal somme stader ha kappast om å trø kvarandre på foten, kona med bruretøffel, mannen med støvel, skriv Kjell Ivar Vannebo i Prikken over i-en. Den som vann, fekk makta i ekteskapet. Uttrykket er nytta i tysk allereie midt på 1200-talet.

Både det å vere under tøffelen og å vere tøffelhelt finn vi i norske kjelder frå langt attende på 1800-talet. Tøffeltræl og tøffelriddar har òg vore i bruk. Vi har det nok helst frå dansk, for i norsk folkemål har tøffelregimente heller heitt kjerringvelde (i gammalnorsk kvánríki og ofkvæni).

Fleire og fleire forkortar tøffelhelt til tøffel. Denne «ulogiske» tydinga av tøffel har fått innpass i nokre ordbøker, men førebels (2015) ikkje i Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Elles har ein tøffel (eller ei tofle) dialektalt vore nytta om lag som fjols, då helst om kvinner. (Denne bruken av ordet kan ha eit anna opphav.)

Til slutt eit saftig døme på bruk av tøffelhelt-stempelet frå 1889 (Stavanger Amtstidende og Adresseavis siterer Socialdemokraten):

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:16.04.2024