E. coli

Korleis skal ein skrive namnet på bakterien E. coli? Og kva gjer ein i samansetningar med dette ordet?

Svar

Det rette er å skrive E. coli slik du har gjort (men kursivering eller anna markering trengst vanlegvis ikkje).

Dette er eigentleg eit latinsk artsnamn, Escherichia coli, som er forkorta. «Escherichia» er etter den tyske legen Theodor Escherich. Punktum høyrer med i slike forkortingar. Fyrste del av artsnamnet er eigentleg slektsnamnet, og slektsnamn skal ha stor forbokstav.

I samansetningar er det rett å nytte bindestrek mellom namnet på bakterien og resten av ordet: E. coli-saka, E. coli-smitte osb.

Når vi skriv meir generelt om kolibakteriar, skal kolibakterie skrivast i eitt og med k. Koli kjem av gresk kolon ‘tjukktarm’.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024