Gå i baret

Kva tyder det eigentleg å gå i baret?

Svar

Ifølgje Bokmålsordboka tyder det ‘å bli lurt, dumme seg ut; bli ruinert’, medan Nynorskordboka seier ‘tape heilt, ryke; dumme seg ut’.

‘Å bli lurt’ er ei nyutvikling. Dei mest tradisjonelle tydingane er med to andre uttrykk  ‘å gå i vasken’ (om ting) og ‘å måtta gje tapt(om folk). Det handlar om at det ber nedover, til golvet eller bakken, der vi finn baret.

Tradisjonell bruk

Dette er eit særnorsk ordlag som lenge var mest brukt i nynorsk og i trøndersk og austnorsk bygdemålslitteratur. Steinar Schjøtts Dansk-norsk ordbok (1909) er den fyrste trykte kjelda der vi finn uttrykket. Der står det under han gik i hundene saman med det gjekk til kosts (i bytta) med han.

Går vi til eldre  dialektkjelder, finn vi mest av uttrykket i nordtrøndersk. Der handlar det om å tapa (jf. måtta i golvet, bita i graset). Lenger sør, på det indre Austlandet finn vi andre bruksmåtar: Når noko går i baret, går det om inkje (= blir ingenting av). Det nærskylde «å bossa i baret» er å ta feil. Både i sør og nord kan det å gå i baret òg vera ‘å bli ruinert, gå konkurs’ eller til og med ‘å døy’.

Det heiter òg at det gjekk eller barst i baret med den og den. Når det berst i baret med to motstandarar, er det slåstkamp.

I ei Oslo-basert slangordbok frå 1952 (Ulf Gleditsch) tyder å gå i baret å bli full. I 1962 står det i ei anna slangordbok (av Ingvald Marm) at det er teke opp i Oslo-sjargongen etter krigen om ‘å bli lurt, å gå fem på’. 

Opphav

Opphavet er ukjent, seier Bokmålsordboka, medan Nynorskordboka ymtar om ein samanheng med verbet å berja ‘slå’ (jf. fortidsformene barde – har bart). Det er tvilsamt.

Det er god grunn til å tru at det opphavleg handlar om bar frå gran og furu. I gamle dagar kunne golvet for det fyrste vera barstrøydd, og for det andre hadde ein gjerne bar på dørhella til å kosta av skorne på. Den «trønderske» tydinga ovanfor kan lett knytast til bar på golvet (jf. leik og slagsmål, som selskapsleiken å ta ryggtak), medan den «søraustlandske» kan knytast til bar både innanstokks og utanstokks.

Somme meiner det handlar om dyregraver (feller) dekte med granbar, og det verkar jo logisk. Problemet er at ingenting tyder på at dette ordlaget tradisjonelt er brukt i samband med fangst.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:25.04.2024