Uigur, uigurisk
Kva er rett skrivemåte – uigur eller uighur, uigurisk eller uighurisk? Dette gjeld ei folkegruppe som taler eit tyrkisk språk og bur i Usbekistan, Kasakhstan, Kirgisistan og Kina.
Svar
I Tanums store rettskrivningsordbok finn ein skrivemåtane uigur og uigurisk.
Dette er dei korrekte formene på norsk. Uigur skal bøyast slik:
Nynorsk: (ein) uigur – uiguren – (fleire) uigurar – (alle) uigurane
Bokmål: (en) uigur – uiguren – (flere) uigurer – (alle) uigurene
Uigurisk kan nyttast både som nasjonalitetsadjektiv og om språket.