Kong Charles og dronning Camilla

No image

(9.9.2022) Skal vi skriva Charles 3. eller Karl 3. når vi omtalar kongen i Storbritannia? Ektefellen hans blir kalla «queen consort» på engelsk. Kva blir det på norsk?

Charles eller Karl?

På norsk skriv vi som hovudregel namn på utanlandske personar slik vedkomande sjølv skreiv eller skriv det, så sant namnet er skrive med det latinske alfabetet. Eit viktig unntak har vore namn på regentar (kongar, dronningar og keisarar), som er blitt omsette til den tradisjonelle norske varianten av namnet. Slik er til dømes Charles, Carlos og Carl blitt til Karl på norsk. Dei siste tiåra har regelen vore slik berre for avlidne regentar.

Andre europeiske språk har òg følgt denne skikken, og somme gjer det framleis. Til dømes heiter den noverande kongen i Storbritannia Carlos på spansk, og tronarvingen heiter Guillermo (engelsk: William). På islandsk heiter dei høvesvis Karl og Vilhjálmur.

På norsk set vi ikkje lenger om namnet på levande regentar, og vi normaliserer ikkje skrivemåten til norsk rettskriving. Vi skriv altså Charles 3., mens vi brukar Karl 2. om den førre kongen med dette namnet.

Dronning Camilla?

På engelsk kan kona til ein regjerande konge kallast queen consort, når ein skal presisera meir enn berre queen. Dette gjeld til dømes for dronning Elizabeth, «dronningmora», som var gift med kong Georg 6., den førre regjerande kongen. Dronningane i Sverige og Spania, og vår eiga norske dronning, kan òg bli kalla queen consort. På norsk brukar vi til vanleg berre dronning, og det er ingen grunn til å kalla Camilla noko anna.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.09.2022 | Oppdatert:09.09.2022