Snigel, spegel og speilegg

Heiter det verkeleg spegelegg på nynorsk? Eg har ikkje vanskar med å seie spegel, men eg slit litt med spegelegg. Det same gjeld snigel.

Svar

Nei, det heiter speilegg på nynorsk. Ein må rekne dette som eit lån frå bokmål i skrift. Men spegel kan uttalast /speiel/, så i prinsippet kunne vi gjerne ha skrive spegelegg og sagt /speilegg/. Snigel kan uttalast /sniel/.

I gamle norske ord som spegel, snigel og tygel (gammalnorsk spegill, snigill og tygill) har vi ein fremre vokal etter g-en (e eller i). Etter gammalnorsk tid mjuka denne vokalen opp g-en slik at vi i dei fleste dialektar fekk ein j-lyd, som seinare gjerne vart til i eller fall heilt bort, slik:

  • spegill > spegjel > speiel
  • snigill > snigjel > sniel 
  • tygill > tygjel > tyel 

Det er heilt greitt, ja faktisk tilrådeleg, å uttale desse orda slik dei står til slutt på linene ovanfor. Tykkjer du det er rart at det ikkje er fullt samsvar mellom skrift og tale, hjelper det å tenkje på bokmål, der orda speil og snegl blir skrivne ulikt og uttalt [spæil] og [snæil].

I fleirtal heitte det speglar, sniglar og tyglar i gammalnorsk, slik det framleis gjer i nynorsk. Her er ingen fremre vokal, så g-en har halde seg. Det har han òg gjort i samansetningar med snigle-.

Samansetningar med spegel har ikkje forma spegle-, men spegel-. I uttalen skil ein knapt mellom /speiel-/ og /speil-/. Speilegg (laga etter tysk Spiegelei) er mykje yngre ord i norsk enn spegel.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.05.2022 | Oppdatert:15.05.2022