Brukbarhet, brukbarheit og usability

Kan ein omsetje det engelske usability (i dømes usability testing) til brukbarheit på nynorsk? Usability testing går ut på å finne ut kor brukande til dømes grensesnittet på nettsider er.

Svar

Endå brukbarheit ikkje står i Nynorskordboka, kan det brukast på nynorsk når det ikkje høver med adjektiv som brukande og brukarvenleg. I visse samanhengar er ordet brukarvenleg eller brukarvenlegheitUsability testing blir gjerne omsett med brukartesting.

På nynorsk brukar ein som kjent sjeldnare abstrakte substantiv enn i bokmål, og særleg når substantivet endar på -heit eller -else. For adjektivet brukbar har ein dessutan nytta å vera brukande, brukeleg e.l.

I staden for å skrive om t.d. abstrakte substantivs brukbarheit skriv ein såleis heller om kor brukande dei er eller kor mykje gagn det er i dei – eller beint fram om dei duger.

Brukarvenleg

Eit nærsynonym for brukbarhet på bokmål er brukervennlighet. Brukarvenlegheit kan òg nyttast på nynorsk når ein ikkje kan greie seg med adjektivet brukarvenleg (jf. termbasen Snorre). Men det finst òg noko som heiter brukervennlighetstesting (dansk brugervenlighedsafprøvning, svensk användbarhetstestning), som skal vera det same som usability testing. Det er ikkje så brukarvenleg at det gjer noko. På Wikipedia ser det ut til at brukartesting ofte kan brukast i staden. Statistisk sentralbyrå nemner òg funksjonalitetstest.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:15.04.2024