Gulost, kvitost

Kva er skilnaden på gulost og kvitost?

Svar

Det er ingen allmenngyldig skilnad. Gulost og kvitost blir i dag stort sett nytta om dei same osteslaga, men av ulike personar. Kvitost (og hvitost) har vore det vanlegaste, både i talemål og fagspråk. Gulosten har spreidd seg kraftig frå Oslo-området i nyare tid.

Gulost som allment kvitost-synonym har nok spreidd seg frå Oslo-området i etterkrigstida. Ost av kumjølk er mindre kvit og meir gul enn ost av saue- og geitemjølk, men ingen av osteslaga vart kalla gulost i gamle dagar. Språkleg sett er gulost eit nokså nytt fenomen dei aller fleste stader. 

Gulosten vart landskjent som kallenamn (på ein person) lenge før ordet spreidde seg over landet som nemning for kvitost. Her er ostepromillen i ei samling tekstar frå Nasjonalbiblioteket:

Konsernet Kavli gjennomførte i juni 2015 ei undersøking der det viste seg at hvitost (og kvitost) framleis hadde eit lite forsprang. Det er all grunn til å tru at gulosten vil rulla vidare frå Oslo og slå ut kvitostar over heile landet. Mange stader er det nok slik at vaksne seier kvitost, medan yngre som er meir påverka av media, seier gulost

Det er for enkelt å seia at dette handlar om Austlandet mot resten, i alle fall historisk, for kvitost og hvitost har vore vanleg i austnorsk bygdemål nær Oslo.

Meir om osteslaga

Fagterminologisk er kvitost eit vidare omgrep og ei samlenemning for løype- og surmjølksostar. På dansk heiter dette hvid ost, på svensk vit ost, på tysk Weisskäse og på engelsk white cheese. Til kvitostane i vid tyding høyrer mellom anna gammalost, pultost, gauda, nøkkelost, jarlsbergost og sveitsarost.

Brunost er ei samlenemning for mysostar. Den osten som mange kallar brunost, eller geitost (også når osten ikkje er laga av geitemjølk), har gått under namnet raudost i Gudbrandsdalen og fleire andre stader.

Tradisjonell ordbruk og fagterminologi er to heilt ulike ting, men éin ting er sams: Ein skal ikkje ta fargenemningane for bokstavleg. Eit anna døme på det kan vera kvitvin, som sjølvsagt ikkje er kvit.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024