Bloduttredelse på bokmål og nynorsk

Kva heiter bloduttredning/bloduttredelse på nynorsk, og kva tyder det, eigentleg?

Svar

Bloduttredelse er det at blod «trer» (altså går) ut i vevet og kanskje blir synleg, som blåmerke. Det «trer» altså ikkje heilt ut!

Nynorsk brukar sjeldan verbet å tre, og å trø blir ikkje nytta i overført tyding. Ein må difor vurdera samanhengen og til dømes skilja mellom dei overlappande fenomena blåmerke leggen og bløding i leggmuskelen. Ordet blåmerke kan godt brukast meir der ein ikkje treng presisering (på line med engelsk bruising).

Før nytta ein òg uttrykket underløpet blod i bokmål, og å vera blodunderløpet. Adjektivet blodlaupen har funnest i nynorsk, men har vore lite brukt.

Tradisjonelt kan bloduttredelse heita blodmelte og daudblod i nynorsk og mange dialektar. Blodmelta er dessutan eit verb (i uttrykk som å blodmelta seg). Orda står i Audun Øyris Medisinsk ordbok, men verkar nok for kraftige for mange. Dei har dessutan forsvunne frå Nynorskordboka.

Dersom ikkje noko av det nemnde høver, kan det kanskje vera freistande å skriva hematom eller noko anna lærd, flott og framandt. Men bløding under huda er meir lesarvenleg (merk at indre bløding er eit vidare omgrep).

Somme mistyder bokmålsordet, sløyfar ein -t- (*blodutredning) og omset til *blodutreiing. Det er heilt meiningslaust.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.02.2019 | Oppdatert:02.03.2024