Sjåast eller sest?

Heiter det vi sjåast eller vi sest på nynorsk? Det verkar som om sjåast er det vanlege?

Svar

Formuleringa «vi *sjåast» tok til å gjere seg gjeldande på trykk tidleg i 1970-åra, mellom anna i omsetjingar. No har ho rokke å bli morsmål for mange språkbrukarar fødde i 1960-åra og seinare. Etter rettskrivinga heiter det likevel «vi sest», om ein først skal bruke dette verbet.

Vi kan samanlikne verbet sjåast med verbet som ligg til grunn, altså å sjå. Vi set inn loddrette strekar etter det som er sams for dei to verba:

å sjå      – se|r   – såg
å sjå|ast – se|st – såg|st

Presens sest er laga av presens ser og tyder ‘ser kvarandre’. Å sjåast har altså resiprok tyding.

Ein viktig grunn til at presens sjåast har slått rot hos mange, må vere at at sjåast er ei korrekt nynorsk form i og for seg, vel å merke i passiv infinitiv, altså etter hjelpeverb, som her: «Skal vi aldri sjåast att?» og «Oppdrettsanlegget kan sjåast frå ferja». Sidan forma sjåast finst, stikk ikkje «vi sjåast» seg så sterkt ut som den typiske sidemålsfeilen «vi *sjår».

Bokmålssystemet

Bokmål skil ikkje mellom infinitiv og presens av st-verbet:

å se       – ser   – så
å se(e)s – se(e)s – sås

Sees har vore vanlegare i skrift enn ses, så folk er vane med to stavingar i presens.

Vi sjåast kan seiast å spegle bokmålssystemet (dvs. at infinitiv = presens) ved hjelp av ei form som verkar hypernynorsk (med sjå- for se-). Det kan vekkje mistanke om at vi sjåast har minst ei rot i omsetjing frå bokmål. Somme har til og med meint at forma har rot i vondsinna omsetjing:

(Innlegg i Porsgrunns Dagblad, 2.4.1970)

Men om vi sjåast har vore aldri så vanleg i nynorskparodi og mekanisk omsetjing frå bokmål, må forma likevel (òg) vere eit produkt av indre prosessar i nynorsken og nokre dialektar.

Det er ikkje tvil om at endringa har kome i ei tid med sterk bokmålspåverknad, men ein må hugse at det i den same perioden har vore mykje tradisjonsbrot i talemålet. Når den indre grammatikken skal fylle hol, gjer han bruk av nokre av dei same metodane som ein omsetjar som skal omsetje ein tekst med utilstrekkelege hjelpemiddel.

Kva er det indre opphavet?

Kva med røter i tradisjonelt bygdemål? Det er neppe nokon viktig faktor. I dei få dialektane som har hatt fleirtalsbøying av verb i nyare tid (jf. presens me koma, me sjå), kunne ein vente presens sjåast i dette uttrykket, sidan det er to eller fleire som ser kvarandre. Islandsk har såleis forma sjáumst ‘vi sest’ fordi ‘vi ser’ heiter sjáum, i kontrast til sé ‘eg ser. Men det er vanskeleg å finne noko slikt i norsk målføretradisjon, og det er forsvinnande lite av det i eldre tekstar på landsmål. Ein viktig grunn til det er at heile avskilsfrasen er meir eller mindre lånt frå bokmål. På bygdene før sa ein heller t.d. vi snakkast eller talast enn vi sest.

Det vi står att med av indre faktorar, er ny påverknad frå infinitiven og frå dei andre verba vi brukar i liknande samanhengar. Desse verba har gjerne same form i infinitiv og presens (å snakkast – vi snakkast), og ikkje minst har dei to stavingar i presens. (Det at mange st-verb er a-verb, kan forresten òg vere opphavet til rettskrivingsfeil som vi møtast for vi møtest.)

Ein lengre artikkel om desse hypotesane har stått i Språknytt. I den artikkelen er bokmål nemnt berre som ein tilleggsfaktor til slutt.

Eit godt døme

Til slutt eit godt døme på rett bruk av det resiproke verbet:

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.12.2019 | Oppdatert:22.04.2024