Dobbelt pris

Er det rett av Kiwi å bruke uttrykket dobbelt pris tilbake? Pris er jo eit hannkjønnsord, og då er det vel rett med dobbel pris tilbake?

Svar

Mange har spurt oss om «dobbelt» i slagordet, men Kiwi har sitt på det tørre.

Som det går fram av Bokmålsordboka, kan dette ordet bøyast på to måtar i begge målformer, her i bokmål:

  • den er dobbel – det er dobbelt – de er doble
  • den er dobbelt – det er dobbelt – de er dobbelte

(I samansetningar skal ein nytta dobbelt- i bokmål: dobbeltagent. Nynorsk har valfritt dobbelagent.)

Men er det prisen ein får att?

Det er rart at berre éin har skrive og spurt om det ein får tilbake, strengt teke er ein pris eller ein sum. «Dobbelt pris» er nok ein språkleg snarveg. Meir omstendeleg sagt er det ein får tilbake, dobbelt så mykje som det ein har betalt. Men dette moglege lytet må Språkrådet ta på si kappe, for Kiwi spurde Språkrådet til råds før dei valde slagordet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024