Ein song av eller med Michael Jackson?

Når platepratarane presenterer songar, uttrykkjer dei seg ofte slik: «Du høyrde no ‘Bad’ med Michael Jackson.» Men skulle dei ikkje heller sagt: «Du høyrde no Michael Jackson med ‘Bad’» eller: «Du høyrde no ‘Bad’ av Michael Jackson»?

Svar

Begge variantane med «med» er brukande, men den du har høyrt, høver best når songen ikkje er sterkt knytt til éin artist.

Varianten med «av» fortel først og fremst kven som har laga songen. (Om ikkje anna er nemnt, kan ein rett nok rekna med at det er same person som songaren.)

Opphavspersonen kjem ikkje tydeleg fram om ein berre seier «med». Difor høyrer ein stundom «av og med».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:15.04.2024