Hei, hallo og komma
Skal det stå komma etter Hei, og skal neste avsnitt starte med stor eller liten forbokstav?
Det skal berre stå komma dersom det kjem noko rett etter på same line, slik:
Hei, Sara
Hei, alle saman!
Utropsteiknet er valfritt i begge tilfelle, og i begge tilfelle skal neste avsnitt innleiast med stor forbokstav.
Det skal derimot ikkje vera komma etter Hei eller andre tiltaleord som står åleine som innleiingshelsing i eit brev. Det kan ev. stå utropsteikn i staden. Altså til dømes slik:
Hei!
Har du det bra?
eller:
Hei, Sara
Har du det bra?
Legg merke til at teksten etter helsinga byrjar med stor forbokstav.
Dersom framhaldet står på same lina, kan det vera best å setja eit eit skiljeteikn etter namnet, men elles gjeld den same regelen:
Hei, Sara! Har du det bra? / Hei, Sara. Har du det bra? / Hei, Sara, har du det bra?
Fleire tips om språkbruk i e-post kan du finne på nettsidene våre og i Statsspråk nr. 4–2008.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).