Ein eidar / en eider

I ei nettavis las eg om «eidaren Azar Karadas», ein kjend fotballspelar. Kva er ein eidar?

Svar

Ein eidar (bokmål: eider) er ein person frå (tidlegare) Eid kommune i Sogn og Fjordane.

(Ein som bur i bygda Eide i Møre og Romsdal, heiter derimot eidsar (bokmål eidser), lokalt tradisjonelt uttalt med stum d.)

Sjå elles lista «Innbyggjarnamn» på nettsidene våre. Opplysningane her er henta både frå språkbrukarar på staden, særleg dei med best kjennskap til den lokale munnlege tradisjonen, og frå skriftlege kjelder, mellom anna Norsk stadnamnleksikon, utgitt på Samlaget.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024