Aksent i «dét?»

Kan ein ha akutt aksent i «det», når ordet er ordet er brukt trykksterkt? Til dømes: «Eg vil ikkje nett seie dét.» Eller er det då betre å kursivere eller liknande?

Svar

Det er greitt å bruke aksent slik. Kursiv er òg mogleg, men du bør ikkje kombinere verkemidla.

Dersom det er uråd å lese «det» utan trykk i samanhengen, eller trykket ikkje påverkar meininga med ytringa, er markeringa nokså unødvendig. Døme: «Det var jo akkurat det eg sa.» Her spelar det ikkje store rolla kvar trykket fell.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.12.2022 | Oppdatert:02.03.2024