Ålmenn eller allmenn?

Heiter det ålmenn eller allmenn?

Svar

Det er valfritt. Ålmenn er det mest tradisjonelle.

Frå 1. august 2012 gjeld det nye rettskrivingsreglar for nynorsk, og etter dei er ålmenn og allmenn jamstilte former. Då kan ein altså velje fritt mellom dei. Merk at vi sløyfar ein -n i inkjekjønn: ålment eller allment. I bunden form og fleirtal heiter det anten ålmenne eller allmenne.

Hald deg helst til anten å eller a gjennomført i grunnordet og samansetningane: ålmennfag/allmennfag, ålmennmedisin/allmennmedisin osv. Bruker du fyrst å her, bør du òg skrive å i ålmente (om folket i det heile, publikum). Elles kan du bruke allmente. Hugs to l-ar når du brukar a!

Formene med å er dei eldste formene i nynorsk. I mange år har dei vore sideformer og stått i skarpe klammer i ordbøkene, altså slik: allmenn [ålmenn]. Ålmente stod ikkje i klammer.

Nokre ord finn vi knapt med anna enn ål- i nynorsk, som ålsvart og ålblaut. Tydinga til ål- her er ‘heil-’.

Bokmål

På bokmål har ein berre éi form å halde seg til: allmenn – altså med to l-ar og to n-ar. Almen er i dag berre bunden form eintal av en alm.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024