Skjegget i postkassa
Kva er opphavet til uttrykket å stå med skjegget i postkassa?
I Snorre Evensberget og Dag Gundersens Bevingede ord heiter det at skjegget i postkassa (eller svensk: brevlådan) er eit fellesnordisk uttrykk kjent frå 1950-åra om det å koma i klemme, å vera i knipe. Noko meir står det ikkje.
Definisjonen i Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner verkar meir råkande for norsk i dag: «ha mislykkes, sitte med ‘lang nese’ (ofte: fordi man har latt en sjanse gå fra seg e.l.)» Men heller ikkje her får vi forklart bakgrunnen.
I slangordboka til Ulf Gleditsch står uttrykket alt i 1952, og det hadde sikkert vore i bruk munnleg ei tid då. I Verdens Gang står det alt i 1948. Ingvald Marm skreiv om emnet i si slangordbok frå 1962 og meinte det var den meir nærliggjande bordskuffen som vart vridd til postkassa/postkassen i si tid. Her får vi ein teori om opphavet:
Dette var ikkje heilt enkelt. Men det meste er jo mogleg i slang, så usannsynleg er det ikkje. Berre tenk på korleis å drite på draget er vridd til å bæsje på leggen eller i skuffen.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).