Bakteppe

I Forsvaret er ordet bakteppe teke meir og meir i bruk, både skriftleg og munnleg, i staden for bakgrunn. Eg finn det ikkje i ordbøkene. Er dette eit ord som kan brukast?

Svar

Eit bakteppe høyrer til på eit teater, bak scena. Det er altså nettopp ein bakgrunn.

Nynorskordboka seier at ordet i overført tyding står for ‘noko som er utgangspunkt og innramming for ei forståing, meining eller liknande’. Døme: det historiske bakteppet; sett mot eit økonomisk bakteppe. Synonym: bakgrunn, kontekst.

Dette er gammalt i teater- og litteraturkritikk og historiske framstillingar (når ein ser historia som drama og verda som scene). I nittiåra spreidde ordet seg kraftig i heilt vid tyding og vart oppfatta som litt av eit moteord (sjå Finn-Erik Vinjes moteordtabell). Når du skriv, kan du gjerne vurdere om bakgrunn, samanheng eller andre tilsvarande ord høver i samanhengen. Men det er ikkje noko gale med ordet bakteppe i og for seg. Det er ein god metafor som det har gått litt inflasjon i.

Stundom blir bakgrunn og bakteppe brukt for det ein før heller ville ha kalla grunn eller grunnlag. Metaforbruken er så å seie snudd nitti gradar. Men oftast er det tydingsskilnad, slik at bakteppe berre er omstende (bokmål: omstendigheter) og ikkje årsak.

Utviklinga for desse orda i ei samling kjelder hos Nasjonalbiblioteket ser du nedanfor. Auken i bruken av bakteppe og kontekst på kostnad av nærsynonyma (i perioden 1990 til 2015) vitnar om moteprega ordbruk.

Trass auken er det ikkje slik at bakteppe og kontekst dominerer heilt. Dei tre øvste orda er ti gonger meir brukt enn kontekst, som er ti gonger meir brukt enn bakteppe. Men på visse arenaer (for å bruke eit anna moteord), dominerer dei nok.

 

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.10.2017 | Oppdatert:18.04.2024