Stadnamn og målform

Kan ein skrive Østensjøvannet eller andre stadnamn med bokmålsformer i ein nynorsktekst?

Svar

Stadnamn skal ha berre éi skriftform i offentleg bruk. Du kan difor trygt skriva Østensjøvannet på nynorsk.

Namn på fylke har òg berre éi form: Østfold og Aust-Agder heiter det same i begge målformene.

Godkjende skrivemåtar finst i Sentralt stadnamnregister ved Statens kartverk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024