Spillvarme og liknande på nynorsk

Kva heiter spillvarme på nynorsk? Eg ser at somme skriv spel-.

Svar

Det heiter beint fram spillvarme, nett som det heiter spillolje og spillvatn.

Det handlar om slikt som går til spille, jamfør uttrykket gråte over spilt mjølk.

Spilling har altså ingenting med speling å gjere (bortsett frå at ein spiller pengar når ein spelar dei bort).

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.05.2021 | Oppdatert:19.04.2024