50-årsdag, 100-årsjubileum og 18-årsgrense

Eg veit at ein kan skriva «50-årsdag». Men kan ein òg skriva «50 års dag», «50-års-dag» eller «50 års-dag»?

Svar

Nei. Dei einaste rette skrivemåtane er 50-årsdag og femtiårsdag.

Det same gjeld 50-årslag og femtiårslag og tilsvarande med fest til slutt.

Til dømes bør ein ikkje invitera til «50 års fest» eller «femti års dag» om ein ikkje har svært god råd eller kan ta gjestene med på romferd, for desse uttrykka viser til festar og dagar som varer i femti år.

Andre samansetningar som følgjer same prinsippet, er

100-årsjubileum
18-årsgrense (men til dømes 18 års erfaring)
2015-resultat (som sjeldan vil vera lik 2015 resultat)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.12.2016 | Oppdatert:19.04.2024