Akillesane eller akillessena
Eg har stadig vondt i akillesane, men kan eg skrive det?
Det heiter i utgangspunktet ei akillessene (eller ei akillessen) etter «Akilles» (gresk Akhillevs) + «sene».
I sjargongen heiter det gjerne berre ein akilles og «vondt i akillesen», og det kan godt hende at dette ordet kjem inn i ordbøkene. I så fall blir det akillesane i fleirtal på nynorsk. Men førebels er det best å skrive akillessene fullt ut i meir seriøse samanhengar, med to s-ar.
Nynorsk:
ei akillessene – akillessena – akillessener – akillessenene
(ein akilles – akillesen – akillesar – akillesane)
Bokmål:
ei/en akillessene – akillessena/-en – akillessener – akillessenene
(en akilles – akillesen – akilleser – akillesene)
Ei sene heiter òg tradisjonelt ei sen i store delar av landet, men det er nok lite brukt i dette ordet, og minst av alt skriftleg.
Akillessenene er så å seie din akilleshæl, altså ditt svake punkt. Dei to orda er av same rot: Mor til den greske segnhelten Akilles skal ha dyppa son sin i ei av elvane i dødsriket, Styx, for å gjere han usårleg. Ho heldt han i hælen, som difor ikkje vart skikkeleg «impregnert». Såleis vart ei pil i hælen banen hans i slaget ved Troja.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).