Fleire kolon etter kvarandre?

Er det gale å bruke fleire kolon etter kvarandre? Eller kan eg ramse opp slik som nedanfor?

«Satsinga inneheldt tre delar: del 1: kjøpe mat til heile nabolaget; del 2: byggje scene i parken; og del 3: måle søppeldunkane i fine fargar.»

Svar

Det er ingen regel som seier at det er gale å setje fleire kolon etter kvarandre slik. Men det kan verke forvirrande eller litt uelegant, så vurder om du kan skrive det om.

Dømet ditt kan skrivast om slik:

Satsinga inneheldt tre delar: 1) kjøpe mat til heile nabolaget, 2) byggje scene i parken, 3) måle søppeldunkane i fine fargar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.11.2021 | Oppdatert:24.02.2024