Barnebarnsbarn?

Kan eg kalle oldebarnet mitt eit barnebarnsbarn? Eg høyrer sjeldan det ordet no. Eg skriv forresten eit barn – fleire born, så kva skal eg skrive dersom eg får fleire etterkomarar av dette slaget?

Svar

Du kan trygt kalle oldebarnet ditt eit barnebarnsbarn. Det har i alle fall sterkare tradisjon i norsk enn oldebarn.

Tradisjonell nynorsk har omlyd, altså born med o, i fleirtal. Men merk at det vi brukar i samansetning, ikkje er fleirtal, men ei særskild samansetningsform. Det heiter difor

eit barnebarnsbarn – to barnebarnsborn

Dette står i kontrast til dansk børnebørnsbørn, med omlydar over ein låg sko.

Frå språkblomst i Bergen til barnebarnsbarnløyse i Bibelen

I samlingane til Nasjonalbiblioteket finn vi barnebarnsbarn alt i juridisk litteratur frå 1816, medan oldebarn fyrst figurerer som språkblomst hos eldre bergensarar i 1910. Det klang nok då om lag som bestebarn for barnebarn.

Bibelmålet er på glid. I Andre Mosebok 34,7 (1938-omsetjinga) står det at Gud

hemner broti åt federne på borni og barneborni, ja på barnebarns-borni og borni etter dei.

I dag har pipa fått ein litt annan (ord)lyd:

For synda til fedrane straffar han born og barneborn og tredje og fjerde slektsleddet.

Slik ser utviklinga ut i eit korpus hjå Nasjonalbiblioteket:

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.04.2024