Den i nynorsk (for han/ho)

Kan den i dag brukast i nynorsk i tilfelle som desse?

Har du høyrt denne songen før? Nei, eg har aldri høyrt han (den).
Har du høyrt denne visa før? Nei, eg har aldri høyrt ho/henne (den).

Svar

Prøv å la vere å bruke den (åleine) trykklett. Eit den som viser tilbake til noko, er i tradisjonell nynorsk trykksterkt. For dei som er vane med dette, luggar det når det viser seg at den skulle lesast utan sterkt trykk. Bruk helst han og ho i slike tilfelle som du nemner.

«Han» viser til alle slags hankjønnord (på -en) og «ho» til alle slags hokjønnsord (på -a). Er du interessert i bakgrunnen for dette, kan du lese vidare.

Kva med den, då?

Ofte er det einaste rette å bruke «den». Etter gammalt er det då trykk på ordet, både i nynorsk og i dei fleste dialektar. Ordet er brukt påpeikande (demonstrativt).  Vi kan godt setje inn den i døma dine ovanfor, men då endrar meininga seg. Med den kallar vi fram ein kontrast til ein annan, som i «Nei, eg har aldri høyrt den, men eg har høyrt ein annan av den same songaren». Eit anna døme: «Eg såg ein ny film i går. Han var ikkje så verst» kontra «Eg såg ein ny film i går. Den var god, den!».

Det er òg rett med «den» dersom det kjem eit «som» eller ein preposisjon etterpå.

Det tradisjonelle systemet med han/ho

Dei fleste dialektar har tradisjonelt eit system der ein viser tilbake til eit nyleg nemnt han- og hokjønnssubstantiv ved hjelp av han og ho/henne. Desse pronomena har mange former i dialektane. Sidan dei er trykklette, blir dei gjerne til '(a)n og 'o eller 'u (for hu). Henne blir mange stader til 'ne. Andre stader kan det heite berre 'a i hokjønn (av eit eldre hana). Der kan døma dine lyde slik:  «… aldri hørt 'n / aldri hørt 'a».

Somme dialektar (særleg bymål) har hatt han/ho om konkrete, kjende og vanlege ting, men gjerne den om visse abstrakte og framande ting. I nynorsk kan han/ho like godt vise til heilt abstrakte ting, men den har ein tendens til å gjera seg meir gjeldande ved typiske skriftmålsord som er innlånte i dialekten.

Merk elles at ord i naken (ubøygd) form tek det: «Trening er bra for deg. Det kan vere moro òg.» Altså ikkje ho. Men: «Treninga er utsett fordi ho kolliderte med eit arrangement.»

Norsk referansegrammatikk (1997, s. 327) framhevar det tradisjonelle systemet:

System under press

Det tradisjonelle systemet i dialektane er rett nok under press, men er framleis eit viktig kjennemerke for dei fleste norske målføre. Det har vore ein viktig del av trekjønnssystemet.

Tilbakevisande han/ho har heilt fram til dei siste tiåra vore eit sjølvsagt trekk i bruksnynorsken òg, jamvel om det alltid har vore litt slinger i valsen. Den aukande bruken av den i slike konstruksjonar kjem i siste instans frå skriftmål (historisk sett dansk skriftmål), og det er ikkje stilidealet i nynorsk.

At det er mykje vakling i dag, er ikkje grunn god nok til å endre rådet mot å bruke den. Både trekjønnssystem og tradisjonelt munnleg språk er framleis viktige ideal for nynorsken. På den andre sida kan ein ikkje rekne overdriven den-bruk som ein alvorleg feil som bør trekkje elevarbeid mykje ned. Det ville vere urettvist når fleire nynorskforfattarar og -institusjonar faktisk har gått bort frå trekjønnssystemet på dette punktet.

Bonus med han/ho: færre tvilstilfelle

Der den kan vise til fleire ulike ord i teksten føre, kan han eller ho i mange tilfelle gjere teksten meir eintydig. Døme: «Før du byter fela mot gitaren, må du sjå om den er heil.» Han eller ho?

I somme tilfelle kan det vere omvendt, det vil seie at han eller ho kan mistydast som tilvising til ein person. Dersom det er vanskeleg å skrive om, må ein då kunne bruke den som naudløysing òg innanfor det tradisjonelle systemet, særleg om det gjeld ein abstrakt ting. Men ein bør la vere dersom forvekslingsfaren er mest teoretisk.

Rådgjevinga

Boka Råd om språk fra Norsk språkråd (Cappelen, 1983) seier at regelen står ved lag og blir nytta i samband med godkjenning av skulebøker. Norsk språkråd gjorde i 1985 dette vedtaket (her frå side 17 i årsmeldinga for 1985):

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:17.04.2024