Herad og heradsstyre

Heiter det heradstyre eller heradsstyre, og korleis skal det uttalast?

Svar

Samansetningar med herad skal ha binde-s, altså heiter det heradsstyre, heradshus og så vidare. Tradisjonell uttale er utan d.

I gammalnorsk heitte herad herað. Den stungne d-en i utlyd fall heilt bort i uttalen etter gammalnorsk tid, nett som i til dømes tid og dugnad. Vi fekk uttalen [he:ra], [hæ:ra] eller ein mellomting, alt etter dialekt.

Uttalen utan -d er altså den tradisjonelle. Skriftuttalen med -d har spreidd seg kraftig, delvis på grunn av bokmålsvarianten herred, som skal uttalast med -d (jf. dansk herred).

Med tradisjonell uttale av herad blir heradsstyre /he:rasty:re/, med litt varierande uttale av den fyrste e-en.

Eit herad er ein kommune på landet. Før heitte dei fleste nynorskkommunar herad i staden for kommune; no er det berre nokre få kommunar i det tidlegare fylket Hordaland som held på denne nemninga i sjølve namnet. På nynorsk kan ein framleis omtala kommunar på landet som herad, men sidan skiljet mellom by og land langt på veg er oppheva, er det vanskeleg å vita kvar ein skal setja grensa.

Elles er det nokre bygder som heiter Herad eller som har ordet som siste ledd av namnet, som Kvinnherad og Krødsherad.

 

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.01.2023 | Oppdatert:22.04.2024