Kviss eller quiz?

Heiter spørjetevling no kviss eller quiz?

Svar

Både kviss og quiz er rette skrivemåtar.

Skrivemåten quiz har stått i ordbøkene lenge, men særleg i seinare år har òg skrivemåten kviss blitt brukt ein del. I 2015 gjorde Språkrådet vedtak om å jamstille dei to skrivemåtane. Stavemåten kviss er i tråd med prinsippet om samsvar mellom skrivemåte og uttale. Samstundes er quiz så godt etablert at det ikkje er grunnlag for å ta denne stavemåten ut av rettskrivinga.

Les meir om engelske importord i norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024