På måfå
Kva i all verda kjem uttrykket på måfå av? Det høyrest som om det har oppstått på slump.
På måfå og liknande formuleringar er gamle i norsk og nordisk elles. Dei byggjer på ei tyding av å måtta som var vanlegare før, nemleg ‘å kunne, å få lov’, jamfør dansk må jeg ‘kan jeg’.
I Ordbog over det danske Sprog er ordet forklart ved hjelp av det gamle ordtaket at haffwæ oc maa faa thet ær eij alt eens (å ha og å kunna få er ikkje heilt det same).
Den aktuelle tydinga av å måtta har vore svært vanleg i norsk òg. Vi finn ho enno (helst trykklett) i formuleringar som «det må du (no) gjerne gjera» (sjå tyding 4 av å måtta i Norsk Ordbok).
I dansk og eldre dansk-norsk er «på må og få» vanlegare, ved sida av på lykke og fromme.
Tyding
I skriftmålet tyder på måfå om lag det same som på vona, på slump, på lykke og fromme. I andre samanhengar ligg tydinga gjerne nærare ‘fåfengt’.
På måfå kan skrivast om til: «med uklåre tankar om noko ein må (alså berre kanskje kan) få». I praksis tyder det ‘(heilt) planlaust’ (og dermed ofte ‘bortkasta’).
I norsk tekst
På nb.no finn vi måfå fyrst brukt aktivt i ei preike av diktarpresten Jens Zetlitz utgjeven i 1822. Han talar om «de mange Ægteskaber, der sluttes saa ganske paa Maafaa, uden ringeste Hensyn til Fremtiden». Men vi veit at uttrykket då var mykje eldre i både norske dialektar og i dansk.
Hjå oss stod ordet fyrst på trykk i Hans Strøms Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør (1762) og før det i Erik Pontoppidans Glossarium Norvagicum frå 1749. Slik står det i ordlista hjå Strøm:
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).