I bakleksa

Eg veit at det å hamne i bakleksa er å bli hengande etter, men kva i all verda kjem uttrykket av?

Svar

Vi startar med ein sving innom grannelandet i aust. På svensk seier dei ikkje at ein «kjem» i bakleksa, men sjølve ordet bakläxa er levande. Døme: «Riksrevisionen ger regeringen bakläxa.» Det handlar om å måtta gjera leksa si (arbeidet) om att.

Uttrykket er minst 140 år gammalt i norsk skriftkultur, men kanskje eldre i talemålet. I dansk finst visst korkje ordet eller uttrykket.

Det er vanskeleg å forklara preposisjonsbruken, altså i-en i uttrykket. Det heiter rett nok å få noko i lekse, men det er jo ikkje heilt det same.

Der vi kjem i bakleksa, kjem svenskane på efterkälken/bakkälken. Nordmenn kan rett nok òg koma i etterbåten eller i bakmeisa/bakmessa, for å nemna nokre dialektord frå høvesvis vest og aust i landet).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.09.2020 | Oppdatert:18.04.2024