Apostlenes hester på nynorsk?
Kva skal eg bruke for «apostlenes hester» på nynorsk? «Apostlanes hestar» med genitivs-s er vel ikkje heilt bra?
Du bør helst gjera som svenskane og skriva det i eitt ord: «apostelhestane» (jf. «apostlahästarna»).
Å kalla føtene apostelhestane o.l. er å bruka ein eldgamal metafor med latinsk opphav (reisa «per pedes apostolorum») og bibelsk grunnlag. Jesus sa jo som kjent «Gå [...] og gjer alle folkeslag til læresveinar».
Om du fyrst vil bruka ein genitiv, er «apostlane sine hestar» òg mogleg; det har betre grunnlag i nynorsk enn «apostlanes hestar».
Uttrykket er litt av ein klisjé. Ein heilt annan vri er å «ri tviføtingen», eit ordlag A.O. Vinje (og svært få andre) har brukt i skrift.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).