Tørst og utørst

Det motsette av svolten er jo mett, men kva er det motsette av å vera tørst? Manglar tørst eit antonym?

Svar

Det motsette av tørst (eller tyrst) er utørst (eller utyrst). Ordet fanst alt i gammalnorsk (úþyrstr) og er fullgodt.

Mange skriv til Språkrådet og hevdar at vi har eit hol i ordtilfanget, men utørst er faktisk eit ord. Det er til og med ganske praktisk. Berre tenk på tyskarane og dei engelsktalande, som må ty til omstendelege uttrykk som (ich habe) keinen Durst mehr og (I am) no longer thirsty!

Danskane drikk seg ikkje lenger utørste (meir om det nedanfor), medan svenskane har ordet otörstig. Islandsk og færøysk har i prinsippet høvesvis óþyrstur og ótystur, men orda er visst lite brukte.

Mistyding

Påstanden om hol i ordtilfanget byggjer på to mistydingar: 1) at eit antonym må ha ei heilt anna form enn det ordet som er utgangspunktet, og 2) at ord på u- ikkje duger som antonym. Ord som ugift, upraktisk og usunn viser at det ikkje stemmer.

At det ikkje finst ei særskild ordrot for det motsette av tørst, er sant nok, så det finst ein liten ubalanse i ordtilfanget som er interessant nok. Både biologisk, økonomisk og kulturelt er det som kjent stor skilnad på fast og flytande føde. Kanskje ligg grunnen her, men det er vanskeleg å seia noko meir om.

Bruk

Sjølv om vi har ordet i språket, er det rett nok ikkje vanleg å bruka utørst heilt på line med mett. Det vanlegaste er å seia noko slikt som «eg e ’kje tørst (lenger)». Og dei fleste seier sikkert heller berre «då eg hadde drukke» enn «då eg var utørst» eller «då eg hadde drukke meg utørst». Skal ein ta litt i, kan ein òg sløkkja torsten. Men merk at det er torsten som er sløkt, ikkje drikkaren. I engelsk har ein tilsvarande to quench one's thirst. Vil ein vera litt eksentrisk, kan ein saktens seia at ein (eller helst torsten) er leska.

Dansk myte?

Både engelsktalande og tyskarar har betre grunn til å diskutere mangelen på eit ord for utørst, og dei gjer det, ser vi på nettet. Danskane gjer det òg, for dei har mist ordet for lenge sidan. I Ordsamling fra den norske æsthetiske Literatur siden Aaret 1842 (1866) måtte «drikke seg utørst» forklarast for eit dansk publikum, slik: ‘læsket, ikke meer tørstig’. Ordlaget stod i eit norsk folkeeventyr. Om det ikkje var for Asbjørnsen og Moe, kunne utørst såleis ha vore heilt uhøyrt i norsk òg i dag. Det ville vore ugreitt.

For over hundre år sidan prøvde danskane å laga eit nytt ord for utørst, eller å ta opp eit gammalt, nemleg sæt. Det lukkast visst ikkje godt.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.04.2024