År på baken eller nakken?
Heiter det å ha mange år på nakken eller på baken?
Det heiter helst å få år på baken og få til dømes politiet på nakken. Men det har vore vanleg å ha så og så mange år på nakken òg.
Uttrykket «år på baken» har sjølv mange år på baken. Det finst allereie i gammalnorsk i uttrykket hafa marga vetr á baki, altså vintrar på ryggen, som bak gjerne tydde før. Det handlar om kva ein ber på eller har bak seg, ikkje kva som har auka kroppsvekta.
Alternativet mange år på nakken har òg mange år på baken i norsk talemål og litteratur, og det er dessutan brukt i svensk og eldre dansk (sjå tyding 2.5 her), så gale kan det ikkje vere.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).