Streaming = strøyming eller strauming?

No image

På bokmål er saka grei: to stream = å strømme, og streaming = strømming. Men heiter det å strøyme eller å straume på nynorsk?

I denne tydinga tilrår Språkrådet

å strøyme – strøymer – strøymde – har strøymt

framfor a-verbet

å straume – straumar – strauma – har strauma.

Kva er problemet?

I norsk har vi ein del parverb, det vil oftast seie eit sterkt verb (døme: flyte – flaut) på den eine sida og eit svakt e-verb med såkalla omlyd på den andre sida (døme: fløyte – fløytte). Omlyd er eit eldgammalt fenomen med overgang frå au til øy i rota (som her) eller ein av desse overgangane: u til yo til øa til e,  å til æ. Hovudmønsteret ved parverb er at det svake verbet er transitivt (det vil seie at det tek objekt), og at det dessutan er kausativt (det vil seie at det tyder 'å få noko til å skje', nærmare bestemt det det sterke parverbet viser til). Fløyte er altså eit transitivt (og kausativt) verb.

Merk at både strøyme og straume er svake verb. E-verbet strøyme har omlyd, medan a-verbet straume er ei meir direkte avleiing. Kva høver best for to stream, som har transitiv tyding i denne samanhengen?

Svake parverb med omlyd (som -øy-) og e-bøying har ein sterk tendens til å vere transitive, så slik sett høver strøyme perfekt. Problemet er berre at å strøyme ikkje høver med hovudmønsteret; det er intransitivt frå før: Noko strøymer av seg sjølv, det strøymer ikkje noko (eit objekt). Transitiv strøyming er altså ikkje berre ei teknologisk nyvinning, men noko grammatisk uvant.

Å straume i den aktuelle tydinga kan reknast som ei direkte ny avleiing av straum. Dette verbet har i seg sjølv ikkje sterke føringar i transitiv eller intransitiv lei. Men det er grammatisk påfallande at det av to «parverb» som ikkje har omlyd, skal vere det transitive.

Begge verba og bøyingsmåtane kolliderer såleis med innarbeidde mønster, men ingen blir totalskadde av det. Vi tilrår det som trass alt er vanlegast av dei to, og som såleis sklir mest umerkande inn i målet elles: strøyme – strøymer – strøymde.

Somme har teke i bruk hybriden strøyme – strøymar – strøyma (vel etter mønster av bokmål strømmet/strømma), men den kan ikkje reknast som korrekt. Det er greiare å ha eit transitivt strøyme attåt dei intransitive enn å innføre eit heilt nytt verb med eit særeige bøyingsmønster.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.08.2021 | Oppdatert:22.03.2022