Sidan sist

Termportalen

Det har lenge vore arbeidd med å få på plass ein nasjonal termportal som kan samle søk etter norsk terminologi på éin stad. Universitetet i Bergen har no fått etablert eit fagmiljø som skal sikre utvikling av den tekniske infrastrukturen og samstundes utviding av innhaldet som brukarane kan søkje på.

Termportalen er ein infrastruktur som består av eit brukargrensesnitt for terminologisøk og ein redigeringsapplikasjon for termgrupper og andre som ønskjer å bruke systemet til å registrere terminologi på eit fagområde. Desse to løysingane held ein no på med å vidareutvikle med mål om å ha klar ei moderne løysing til lanseringa, som er planlagd i november. For å få dette til er Jan Ole Bangen tilsett som utviklar ved Språksamlingane med ansvar for Termportalen.

Eit anna mål fram mot lanseringa er å gjere flest mogleg av dei ressursane som alt eksisterer nasjonalt, søkbare via brukargrensesnittet i Termportalen. Dette er noko Marita Kristiansen, som er ansvarleg terminolog, held tak i saman med Kurdin Jacob, som er koordinator for Termportalen.

Termportalen er finansiert gjennom eit spleiselag mellom Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet. Universitetet i Bergen sitt arbeid med å utvikle den tekniske løysinga og utvide innhaldet brukarane kan søkje på, skjer i samråd med Språkrådet.


Språklova

Åse Wetås

Språklova har no tredd i kraft, og med det er nynorsk og bokmål kategoriserte som eigne språk, ikkje målformer. Vidare har me fått ein eigen paragraf om klarspråk. Fagspråk og terminologi er på si side ikkje nemnde eksplisitt i lova, men lova inneber likevel at offentlege organ skal sørgje for at det finst norsk terminologi innanfor deira fagfelt.

Føremålsparagrafen i lova slår nemleg fast at målet er å styrkje norsk språk «slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg» (§ 1). Med dette seier lova indirekte at me må ha tilgjengeleg norsk språk på alle samfunnsområde, noko som vil måtte innebere ei vidareutvikling av norsk terminologi på ei rekkje fagområde. I merknadene til lova heiter det at når føremålsparagrafen slår fast at offentlege organ har ansvar for å utvikle bokmål og nynorsk, inneber det òg eit ansvar «for å sikre at terminologi blir utvikla på norsk».

I lovproposisjonen (Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk) er situasjonen for norsk fagspråk problematisert, og regjeringa framhevar (s. 72) at Termportalen kan bli eit viktig verktøy for universiteta og høgskulane for at dei skal kunne oppfylle dei pliktene dei har etter universitets- og høgskulelova § 1-7 og i dei språkpolitiske retningslinjene for kvar institusjon.

Lova legg òg opp til at ein skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk, noko som tilseier at terminologiressursane som skal byggjast opp, bør sikre vidareutvikling av termar på både bokmål og nynorsk, som så blir gjorde tilgjengelege via Termportalen.


Sjekkliste for arbeid med fagspråk og terminologi i det offentlege

Den nye språklova inneber at offentlege organ må ta ansvar for utvikling av norsk fagspråk på sine område (sjå eiga sak ovanfor). I februar publiserte derfor Språkrådet eit sett med råd om korleis offentlege organ kan lykkast i arbeid med fagspråk og terminologi. Råda er utforma som ei sjekkliste, slik at verksemdene kan vurdere kor dei sjølve står i fagspråkarbeidet. Blant råda er å forankre arbeidet med fagspråk i leiinga og å gjere det til ein del av dei faste prosessane i verksemda. Det blir òg vektlagt at den eller dei som har ansvar for arbeidet, bør ha kompetanse i terminologisk metode.

Sjekklista for fagspråk og terminologi er del av ein større rettleiar for språkarbeid i det offentlege. Rettleiaren byggjer på ei kartlegging av praksisen hos dei verksemdene som har lykkast i språkarbeidet, og blir derfor kalla ein mønsterpraksis. I tillegg til sjekklista for fagspråk og terminologi inneheld mønsterpraksisen blant anna sjekklister for arbeid med klart og korrekt språk og arbeid med nynorsk.

Mønsterpraksisen inngår i rettleiinga som Språkrådet gjev om språklova på nettsida språklov.no. Her får offentleg tilsette rettleiing om innhaldet i språklova og korleis dei bør gå fram for å etterleve krava i lova.


Fellesoffentlige begreper på høring

I arbeidet med Felles datakatalog og begrepsbeskrivelser er Språkrådet ansvarlig virksomhet for fellesoffentlige begreper, det vil si begreper som brukes på tvers av flere virksomheter og ikke hører naturlig til bare ett fagfelt. I vinter ble fem slike begreper sendt ut på høring som oppfølging av en tidligere høring fra 2020.

Høringsfristen er 1. juli, og høringsnotatet er publisert på Språkrådets nettsider.


Samarbeidsavtale med Norsk Elektroteknisk Komite (NEK)

Administrerende direktør i NEK, Leif T. Aanensen, og direktør i Språkrådet, Åse Wetås, signerer avtalen.

I mars i år undertegnet Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og Leif T. Aanensen, administrerende direktør i NEK, en samarbeidsavtale mellom de to virksomhetene. Målet med avtalen er å sikre arbeidet med å få utviklet norskspråklig terminologi, på både bokmål og nynorsk, på det elektrotekniske området.

NEK har ansvar for standardiseringsarbeid innen elektroteknikk, et område som dekker et stort spenn fra kraftnett til cybersikkerhet. NEK legger inn terminologi i den internasjonale termbasen Electropedia, men vil også finne løsninger for å gjøre terminologien søkbar i Termportalen.

Samarbeidet vil legge til rette for at vi kan kommunisere enda bedre om samfunnssikkerhet og beredskap på norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.06.2022 | Oppdatert:27.06.2022