Retningslinjer

Opptak av tyske og danske importord i nynorske ordbøker og ordlister

A. Allmenne retningsliner

1. Ord som har stor utbreiing i norske dialektar, bør ikkje haldast ute frå nynorske ordlister og ordbøker – med avgrensingane nedanfor.

2. Ein skal leggje vekt på om ordet alt er i vanleg bruk i skriftleg nynorsk.

3. Ein tek ikkje opp ord når dei er synonyme med etablerte nynorskord og ligg nær slike ord i bygnad og skrivemåte. [Døme: åtvare, ikkje advare]

4. Opptak av ord i ei ordklasse treng ikkje føre til at ein tek opp tilsvarande ordstamme i andre ordklasser. [Døme: uansett, ikkje ansjå, betenkt, ikkje betenkje1]

5. Ein markerer ikkje etymologisk samanheng mellom importordet og andre nynorskord dersom det ikkje er vanleg å ha slik formsamanheng i dialektane. [Døme: begavelse/ikkje begåvelse2]

B. Retningsliner for særlege ordgrupper

1. Ein tek ikkje opp ord med førestavingane an- og be- der nynorsk i same tyding har same ordrota utan den aktuelle førestavinga, eventuelt med etterfølgjande preposisjon. [Døme: tvile på/ikkje betvile, nytte, ikkje benytte]

2. Ein tek ikkje opp verb på -ige og avleiingar av dei. [Døme: Ikkje beskjeftige, avskjedige]

3. Ord på -else kan takast opp berre når ein ikkje har synonyme ord på -ing, -nad eller utan etterstaving. [Døme: Ikkje anerkjennelse, frigjørelse, besvarelse]

4. For etterstavinga -heit gjeld desse restriksjonane:

a. Ein tek ikkje opp -heit-avleiingar av perfektum partisipp, presens partisipp og av adjektiv på -et(e)/-ut. [Døme: Ikkje fordømtheit, klossetheit]

b. Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing.

c. Ord på -sam skal ha -semd som einaste avleiing.

d. Ord som i nynorsk har etterstavingane -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, skal ikkje takast opp med -heit

e. Ein godtek ikkje -heit-ord der kortavleiingar er i bruk i dialektane. [Døme: samvit, rettferd, vanske, ikkje samvittigheit, rettferdigheit, vanskelegheit]

5. Ein tek ikkje opp fleire substantiv i inkjekjønn på -ande. [Døme: Ikkje forgodtbefinnande, illebefinnande]

 

- - - - -

1. Partisippa uansett (som fungerer mest som adverb) og betenkt er mye vanlegare i talemålet enn verba anse og betenke (som i praksis berre er i bruk i formell stil i bokmål). Denne skilanden i frekvens og stilverdi gjer at ein kan ta opp partisippa uten å akseptere verba.

2. Rotordet heiter på nynorsk gåve, men på bokmål gave. Den importerte avleiinga begavelse kan i talemålet aldri ha -å-, og derfor tilseier dette prinsippet forma begavelse også i nynorsk sjølv om det blir eit formelt avvik i forhold til gåve.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.05.2004 | Oppdatert:14.02.2022