Smakebitar frå nordiske termbasar

TEPA-termbank

Termbanken TEPA er Termportalen si storesøster i Finland. TEPA er utvikla av Terminologicentralen i Finland, som har arbeidd med ressursen sidan 1997. Ved oppstarten fungerte TEPA som Terminologicentralen sin eigen interne termbase, men han vart etter kvart opna opp og gjort fritt tilgjengeleg for søk for kven som helst, slik Termportalen òg er meint å fungere.

TEPA inneheld vel 365 000 termpostar med fagtermar og definisjonar og gjer det mogleg å søkje på tvers av fleire store eksterne termbasar og ei rekkje mindre terminologiressursar som ligg ordna etter fagområde. Heile 2 265 000 søk vart gjorde mot TEPA i 2020, noko som viser kor viktig det er å ha ein slik nasjonal ressurs fritt tilgjengeleg.

Eksempel på søk i TEPA etter termen onboarding

Eit søk i TEPA på onboarding viser at termen er registrert i IATE, EU sin termbase, men her nytta innan eit anna fagområde enn personaladministrasjon. Frå søkjesida i TEPA kan ein klikke seg vidare til basen termen er henta frå, om ein ønskjer det.

Blant store termbankar som er søkbare via TEPA, finn me Vetenskapstermbanken, som vart omtala i Termposten 2/2021, og EUs termbase IATE. Ein annan spennande termbase ein kan søkje i via TEPA, er den internasjonale, nettbaserte databasen Electropedia, som er eigd av Den internasjonale elektrotekniske standardiseringsorganisasjonen (International Electrotechnical Commission, IEC). Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) er òg medlem av IEC og bidrar med norsk terminologi til den internasjonale basen. Dette skjer i samarbeid med Språkrådet, og målet er at det skal kunne bli mogleg å søkje etter norske elektrotekniske termar via Termportalen òg.

 

Kjeldeopplysing

Dei fleste opplysingane i teksten er henta frå Nordterm 22 (2021: 142) og nettsida til TEPA.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.06.2022 | Oppdatert:27.06.2022