Helsespråket treng behandling

No image

Utdanningsinstitusjonane må ta meir ansvar for at helsepersonell brukar godt norsk språk.

AV MAGNE NYLENNA OG ERLEND HEM
professorar ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Innlegget vart først publisert på khrono.no.

Legar blir ofte skulda for å uttrykke seg uforståeleg. Ubegripelege ord og uttrykk har medverka til mykje uvisse og angst hjå pasientar.

Problemet gjeld ikkje berre legar. Omgrepet helsespråk blir brukt om språkleg kommunikasjon om helse og sjukdom i ein fagleg samanheng der stadig fleire helseprofesjonar inngår.

Vanskeleg språk er eit demokratisk problem

Eit av problema er at helsespråket skal fungere som kommunikasjonsmiddel både helsepersonell imellom og mellom helsepersonell og pasientar, pårørande og publikum. Eit presist og korrekt fagspråk kan vere optimalt mellom to fagspesialistar, men komplett uforståeleg for andre.

Spesialiseringa har òg gjort kommunikasjon vanskeleg internt i helsetenesta. Ein fastlege kan i dag ha vanskar med å forstå eit utskrivingsnotat frå ein sjukehusspesialist, til dømes ein augelege. Eit aukande tal helsearbeidarar med norsk som andrespråk byr på eigne utfordringar.

Pasientar har rett til informasjon som er tilpassa den einskilde.

Velmeinte pasientrettar har gjort ordinære brev om timeavtale til lange, juridiske dokument. Undersøkingar frå Helgelandssjukehuset har vist at kvar femte av dei innkalla pasientane ikkje møtte førebudd til behandling fordi dei ikkje forstod informasjonen i brevet dei hadde fått. Alle blir taparar: Pasientane får ikkje utgreiinga og behandlinga dei treng, helsepersonell kastar bort verdifull tid, og sjukehusa og samfunnet taper pengar. Men problemet er langt større. Ei undersøking frå 2021 viste at kvar tredje vaksne person i Noreg har problem med å forstå, vurdere og nytte den helseinformasjonen som finst. Det er eit demokratisk problem.

Lova set krav om klarspråk

Engelsk har blitt vår tids latin i vitskapleg samanheng. Forsking blir hovudsakleg publisert på engelsk. Men framleis snakkar dei fleste pasientane norsk. Dei tenkjer på norsk og drøymer på norsk. Å finne dekkande norske ord og uttrykk på medisinske fenomen er ein viktig del av arbeidet for eit godt helsespråk. Alt som kan seiast på engelsk, kan òg seiast på norsk.

Koronapandemien har vist kor viktig – og vanskeleg – informasjon kan vere. Siste året har vi sett mange eksempel på glitrande, klar og god formidling, men også møtt kompliserte og uforståelege bodskap. Det er alltid mottakaren av informasjon som avgjer kva som fungerer.

Pasientar har rett til informasjon som er tilpassa den einskilde. Ofte må det brukast andre ord overfor pasientane enn i den interne faglege samanhengen. Den nye språklova set krav om klarspråk i all offentleg verksemd. Mottakarane skal finne det dei treng, forstå det dei finn, og kunne bruke det dei finn, til å gjere det dei skal.

Språket fortener meir merksemd

Dei ulike norske tidsskrifta for helsepersonell er viktige for helsespråket. Det same gjeld helseføretaka og helseforvaltninga. Men viktigast er utdanningsinstitusjonane. Det er i utdanninga grunnlaget for seinare språkbruk blir lagd. Universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Dei skal gi studentane eit godt norsk arbeidsspråk, men lukkast dessverre ofte dårleg. Ikkje ser det ut til at utdanningsinstitusjonane tek dette ansvaret på særleg alvor heller. Språket, som er den mest brukte reiskapen i dagleg arbeid i helsetenesta, får for lite merksemd i utdanningane.

Boka HelsespråkVi etablerte i 2015 ei gruppe for norsk medisinsk fagspråk der ulike helseprofesjonar og representantar for akademia, forvaltning og praksis deltek saman med språkfolk. Med støtte frå Språkrådet, Direktoratet for e-helse og Helse sør-øst RHF har vi nyleg publisert ei artikkelsamling om helsespråk. Boka Helsespråk er fritt tilgjengeleg som supplement til tidsskriftet Michael.

No må universitet og høgskular ta ansvar. Vi utfordrar dei til meir aktiv innsats for eit betre norsk helsespråk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.08.2021 | Oppdatert:22.03.2022