Ta regi med ein språkstrategi

No image

Universiteta står i spagaten. Dei har eit lovpålagt ansvar for norsk fagspråk, medan presset frå engelsk aukar. Universitetet i Bergen har ambisiøse mål for å redde norsk fagspråk og ein plan for å nå dei. Vi drog vestover for å lære.

TEKST: SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM | FOTO: JOHN ERIK BØE LINDGREN

– Språk er hovudreiskapen for å tenkje og handle. Vi har eit lovpålagt ansvar for å forvalte språket godt og halde fagspråket i hevd. Det er viktig for å sikre kunnskapsnasjonen Noreg og for å formidle fagkunnskap til samfunnet, seier rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen (UiB).

Måla til UiB-rektoren er kanskje ambisiøse, men universitetet har ein plan for å nå måla. I 2019 vedtok universitetet språkpolitiske retningsliner, og det er sett ned eit utval som skal føreslå tiltak for å sikre at retningslinene blir følgde i praksis. Arbeidet med retningslinene vart leidd av nettopp Margareth Hagen, som var prorektor på det daverande tidspunktet.

Vi må vera reelt parallellspråklege om vi skal vera relevante både i Noreg og elles i verda. rektor Margareth Hagen

I dei språkpolitiske retningslinene står det mellom anna at UiB skal vera eit språkleg forbilde for norsk utdanning, kultur- og samfunnsliv, at utvikling og formidling av norsk fagspråk og terminologi er ein viktig del av samfunnsoppdraget, og at nynorsk skal ha ein framståande plass i verksemda.

Hagen fortel at det viktigaste med dei språkpolitiske retningslinene var at dei skulle vera realistiske.

– Det var mellom anna ein diskusjon om kor mange år det skal ta før ein internasjonalt tilsett skal kunne norsk. Vi endra det frå to til tre år. Om du kjem frå eit anna språkområde, tek det tid å lære seg norsk. Vi må ha krav som det er mogleg å leva opp til.

Formidling er nøkkelen

Samtidig som universiteta og høgskulane har ansvar for å utvikle norsk fagspråk, skal dei også vera internasjonale institusjonar. Hagen meiner det er viktig at sektoren handterer spagaten mellom internasjonalisering på den eine sida og forvaltninga av norsk fagspråk på den andre sida.

– Vi må vera opne om at det er utfordrande å arbeide for desse to omsyna samtidig. Vi må stadig forhandle og vera i dialog. UiB er ein internasjonal organisasjon, og vi rekrutterer mange internasjonale forskarar. Vi vil jo at desse forskarane skal bli i Noreg, men det er ikkje arbeid til alle ved universitetet. Dersom vi har eit arbeidsmiljø der det blir praktisert norsk, har dei internasjonale forskarane større moglegheit til å få arbeid utanfor akademia. Vi må vera reelt parallellspråklege om vi skal vera relevante både i Noreg og elles i verda.

Hagen ser lyst på framtida og trur at utdanningsinstitusjonane er i ferd med å greie spagaten mellom norsk og engelsk.

– Det er naturleg at forsking blir publisert på engelsk, for forskinga er internasjonal. Eg trur at formidling er nøkkelen for å halde fagspråket i hevd. Det har vorte meir merksemd rundt språk i utdanningssektoren dei siste åra, og eg trur at vi vil få mykje god faglitteratur og forskingslitteratur på norsk. Vi må ha universitet og forleggjarar som tenkjer medvete på å halde fagspråket i live, og her er eg veldig optimistisk. Populærvitskap sel godt. Vi har også Store norske leksikon, som er ein fantastisk kanal for formidling.

Har kartlagd institusjonane

Det er ikkje berre UiB som har ein språkstrategi. Ein rapport frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitet i høgare utdanning (Diku) viser at om lag 95 prosent av institusjonane hadde eller arbeidde med språkstrategiar ved årsskiftet 2020/2021. Det er viktig, for ifølgje universitets- og høgskulelova har norske utdanningsinstitusjonar ansvar for å halde ved like og utvikle norsk fagspråk på alle område.

Men kartet stemmer ikkje alltid overeins med terrenget. Berre ti prosent av norsk forsking blir publisert på norsk, og talet på masteroppgåver på norsk har gått markant ned dei siste 20 åra. Talet på internasjonalt tilsette går opp, noko som gjer at delen av engelskspråklege emne aukar.

På grunn av den sterke auken i bruk av engelsk ved norske universitet og høgskular har institusjonane fått i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å utarbeide eigne språkstrategiar.

Ifølgje Diku-rapporten er språkstrategiane berre i liten grad strategisk viktige for institusjonane. Diku tilrår mellom anna at språklege retningsliner bør forankrast i strategien til institusjonane, og at ansvaret for å følgje opp retningslinene og handlingsplanen bør plasserast i ein språkpolitisk komité, eit utval eller ei avdeling i institusjonen.

Vil byggje ein positiv kultur for språk

Universitetet i Bergen har gjort nettopp det som Diku tilrår, dei har eit eige språkpolitisk utval som skal føreslå konkrete tiltak for å følgje opp dei språklege retningslinene. Utvalet vart sett ned i 2020. På grunn av koronaen har det meste av arbeidet vorte gjort digitalt. Utvalet arbeider nå med ein handlingsplan som skal koma i haust. Det er Endre Brunstad som leier språkutvalet. Han er til dagleg professor i nordisk fagdidaktikk.

 

– Utgangspunktet vårt er å laga ein handlingsplan som er realistisk, og som er forankra i det studentar og tilsette treng. Universitetet er ein stor og kompleks organisasjon. Å styre eit universitet er ikkje som å navigere ein pølsefabrikk. Vi må forstå kva som skal til for å få gjennomslag.

Språkpolitikken kan ikkje eksistere for seg sjølv, han må inn i andre planar. professor Endre Brunstad

Språkutvalet har mellom anna gripe sjansen til å koma med innspel til arbeidsmiljøutvalet. Brunstad meiner at språkpolitikk er kopla tett opp mot arbeidsmiljø og inkludering.

– Språkpolitikken kan ikkje eksistere for seg sjølv, han må inn i andre planar, til dømes om forsking eller lektorutdanninga. Kva kan vi gjera for å inkludere internasjonalt tilsette, for eksempel? Dei skal kunne norsk på B2-nivå etter tre år i Noreg. Det er eit ganske høgt nivå. Men vi veit ikkje heilt korleis dette blir følgt opp, eller kva som skjer med dei som ikkje når dette nivået. Dei får jo ikkje sparken, men dei får kanskje tilpassa arbeidsoppgåver der dei i enda mindre grad får moglegheit til å lære norsk.

Korleis skal de byggje ein god kultur for språklæring?

– Vi ynskjer å fremja ein kultur for å bruke norsk. Om vi har ordningar der det er vanleg å bruke norsk i kvardagen, vil det også gi betre haldningar. Vi vil for eksempel ha språkkafear og språkmentorar for internasjonalt tilsette. Det same gjeld nynorsk, det vil påverke haldningane at nynorsk er vanleg og forventa. Vi skal ikkje ha haldningskampanjar der det kjem nokre kule folk og framfører innøvde slagord! Vi må rett og slett sjå på praksisen og den traurige kvardagen, det er her arbeidet må føregå.

Næringslivet vil ha norsk fagspråk …

Kvart år kartlegg Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) kva kompetanse ulike verksemder i næringslivet treng. I 2018 inneheldt undersøkinga spesifikke spørsmål om språkkompetanse.

Det er rom for eit tettare samspel mellom akademia og næringslivet. kompetansedirektør Are Turmo

Kompetansebarometeret for 2018 viste at om lag åtte av ti NHO-verksemder meiner at skriftleg formidlingsevne på norsk har ei stor eller viss betydning. Omtrent like mange meiner det same om munnleg kommunikasjon. Om lag halvparten av verksemdene meiner at kompetanse i framandspråk er viktig, der engelsk (48 prosent) og tysk (13 prosent) er dei mest etterspurde språka utanom norsk.

Are Turmo | Foto: Moment StudioKompetansedirektør Are Turmo i NHO seier at NHO er oppteken av å styrkje arbeidslivsrelevansen i høgare utdanning.

– Norsk næringsliv treng eit effektivt og relevant arbeidsspråk. Dei fleste studentar skal bruke norsk som arbeidsspråk når dei kjem ut i arbeidslivet. Difor er det viktig at studentane utviklar solid kompetanse i norsk fagspråk. I tillegg er NHO oppteken av at studentane utviklar kompetanse i andre språk som er viktige for det norske næringslivet, som engelsk og tysk.

Er utdanningsinstitusjonane medvetne nok om kva kompetanse studentane har bruk for i arbeidslivet?

– Arbeidslivsrelevansen er god, men det er eit potensial for forbetring. Seks av ti NHO-verksemder har eit udekt kompetansebehov, noko som indikerer at det er rom for eit tettare samspel mellom akademia og næringslivet. NHO er difor svært nøgd med at regjeringa la fram ei stortingsmelding om arbeidslivsrelevans våren 2021. Ein betre samanheng mellom UH-sektoren og nærings- og arbeidslivet vil auke kvaliteten på høgare utdanning og få fleire til å gjennomføre studia. Samtidig vil det gje studentane meir relevant praksis, og det kan bidra til å tette kompetansegapet.

… og studentane vil ha norsk fagspråk

I 2018 vedtok Norsk studentorganisasjon (NSO) ein resolusjon som heiter «Me vil ha norsk fagspråk». I resolusjonen meiner NSO mellom anna at alle statlege utdanningsinstitusjonar må ha konkrete tiltak for å overhalde mållova, og at leiarar ved institusjonane må oppmode dei vitskapleg tilsette til å halde ved like og utvikle norsk fagspråk. Annbjørg Pasteur Stø, som er avtroppande fag- og forskingspolitisk ansvarleg i NSO, trur at språkstrategiar kan vera ein god reiskap for å oppfylle ynska til studentane.

Ein språkstrategi viser konkret at nokon tek ansvar. studentrepresentant Annbjørg Pasteur Stø

Annbjørg Pasteur Stø | Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold– Den jamne student bryr seg nok ikkje så mykje om det finst ein språkstrategi eller ikkje. Men det viser at språkpolitikken blir sett høgare opp på prioriteringslista, og det er viktig for studentane. Vi har vore frustrerte lenge. Universiteta bryt lova kvart år, og det har vore domenetap til engelsk. Ein må setja språkansvaret i system, elles blir det alles og ingens ansvar. Ein språkstrategi viser konkret at nokon tek ansvar.

Lærer studentar norsk fagspråk godt nok i dag?

– Det er stor skilnad på utdanningane. Rettsvitskap har ein stor del av undervisninga på norsk, medan ein del ingeniør- og økonomistudium har mykje engelsk. Men det er eit faktum at det blir meir engelsk i utdanninga, og da blir det mindre norsk. Eg meiner det er viktig at studentar lærer å formidle faget sitt, og da må vi lære eit godt og solid fagspråk. I dei fleste bransjar i arbeidslivet er det viktig å fortelja samfunnet kva ein driv med, og kvifor ein driv med det.

Stø ynskjer seg ein enda breiare språkdiskusjon ved utdanningsinstitusjonane. Ho meiner at det blir prata for lite om andre framandspråk enn engelsk.

– Vi er einige om at norsk er under press, men synest vi at svensk og dansk er like truande som engelsk? Eller kunne det vore eit større skandinavisk samarbeid om publisering av fagstoff? Kunne språkstrategiane vore sett meir i system i Skandinavia? Og kva med andre framandspråk enn engelsk? Kanskje er eitt fagfelt svært langt framme i Frankrike, for eksempel. Da burde studentane fått tilbod om å lære fransk i utdanninga. I dag er det slik at ein må gjera ein stor innsats på eiga hand om ein vil lære eit anna språk enn engelsk.

Heiar på språkrikdomen

Rektor Margareth Hagen ved UiB er einig i at studentane treng å lære både på norsk og på andre språk.

– Det er bra å ha bachelorutdanninga på norsk, både for læringa til studentane og for å halde fagspråket levande. Så trur eg òg at vi lærer godt av å lære på fleire språk. Det handlar om å seia noko på nye vis. Å formulere noko på to ulike språk er å tenkje på to ulike måtar. Eg trur språkrikdomen er bra for studentane.

Du er professor i italiensk litteratur. Er det bra for UiB å få ein rektor med bakgrunn frå litteratur og språk, trur du?

– Ja, det trur eg er veldig bra! Heilt suverent!

Hagen smiler breitt, men moderer raskt svaret sitt.

– Det er bra at ein skiftar rektor med jamne mellomrom. Eg kjenner språkmiljøa godt, dimed har eg ein kortare veg dit. Samtidig handlar rektorrolla om styringspolitikk og kunnskapspolitikk, og det vil ein rektor med bakgrunn frå psykologi eller matematikk greie akkurat like godt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.08.2021 | Oppdatert:22.03.2022